(Denne artikkelen står på trykk i siste nummer av fagbladet Kommunikasjon som Kommunikasjonsforeininga gir ut. Spalta heiter "Slik jeg ser det")
Held kommunikasjonsbransjen på å bli å bli eit typisk kvinneyrke, der jentene får dårlegare betalt enn gutta og er mest opptekne av godt språk og brukarvennleg utforming? Eller vil fleire damer innta PR-tronene?
”For mange kvinner gir lav lønn” sa PR-veteran Gullestad i følgje framsida av Bergens Tidende ifjor. ”Det er for mange damer i denne bransjen”, skreiv Thomas Skjennald nyleg på kommunikasjonsbloggen PR-prat: 64 prosent av medlemmene i Kommunikasjonsforeininga er damer, det er 6 prosent auke på ti år. I ein av kommentarane til bloggen står dette om kommunikasjonsdamene:
”Det er de som stort sett jobber i interne kommunikasjonsavdelinger og som føler at et kurs i “pressemeldinger” er et matnyttig og spennende gode (...) De som jobber i PR-byråer er derimot IKKE så ofte medlemmer av Kommunikasjonsforeningen, er primært menn og tjener (svært)gode penger.”
Skjennald opplyser at i dei fem største PR-byråa er rundt 64 prosent menn, og eg vil tru leiarane er menn. Lønsstatistikken viser at menn i PR-byrå tener best.
First Super-IsoHouse
- Nytt PR-byrå, oktober 2009: Topptung kompetanse innen finans og politikk var ingressen på nettavisa. First House var stifta. Ni smilande herrar, og ei dame pryda biletet Kampanje brukte i sin omtale av byrået som alt har millionoverskot.
![]() |
| Kampanje 14.oktober 2010 |
- Nytt byrå, oktober 2010: -Vi skal starte superbyrå ropte 4 barske dresskledde gutta med slegge og solbriller til meg via Dagens Næringsliv og Kampanje! Seinare har DN jevnleg gitt det nystifta ”superbyrået” Isobar god PR via ein intern badebaljedebatt om reklame- tekno- og infofolka kan jobbe ilag. 5.”mann” i leiargruppa blei ei dame, som skal halde styr på dei tilsette.
Hadde eg ikkje visst betre hadde eg tenkt sigarføringa var i høgste laget.
Tilfeldigvis kjenner eg delar av Isobar-gjengen, frå Sermo Consulting, og veit at dei i kvardagen er hardtarbeidande, kunnskapsrike og ikkje brukar slegge eller sigar i møte med kundane. Men DET gir ikkje medieomtale, og det psykar i alle fall ikkje ut konkurrentane.
Strategien må vere den same i First House, som kan høyre pengane rullar inn i kassa kvar gong NRK får AP-toppar til å fordømme Bjarne Håkon Hanssens overgang til PR-bransjen.
Skriv som ein gud!
I mai 2010 inviterte DIFI til frukoststeminar under overskrifta Uklart språk i staten – angår det deg? Over ein million nordmenn tykkjer det er vanskeleg å forstå skriftleg informasjon frå staten. Er ikkje det ille?
Forståeleg informasjon frå NAV, Skatteetaten eller HelseØst er ikkje alltid livsviktig, men betyr mykje for livet til mange. Kven er opptekne av det? Seminaret var primært for statstilsette, men det stod ingenting om kjønn. Likevel var det absolutt flest kvinner som meiner språk er viktig og vedkjem meg.
Kommunikasjonsforeininga tilbyr kurset Skriv som ein gud. Det er så populært at også ekstrakurset er fullt. Kurset har plass til 15 personar, nja, det kunne like godt stått kvinner. På første kurset var det berre kvinner. Kvifor?
Folkeopplysar
Seminaret Folkeopplyser eller salgsagent hadde ifjor Bjarne Håkon Hanssen som lokkemat. Men den som imponerte meg var kommunikasjonssjef for St.Olavs hospital, Marit Kvikne. Mange tusen tilsette, pasientar og pårørande skulle på få timar flytte inn i eit nytt sjukehus. Visste alle kvar dei skulle gå/trille/springe?
Alle måtte få korrekt informasjon til rett tid. Det var så mykje å tenkje på at eg blei svimmel. Til slutt i programmet kom gutta, for då var det krig, altså forsvaret versus Skup-vinnarar. Språkbruken endra seg og eg kjende sigarlukta...
Min førebels konklusjon er at innbyggarane skal vere sjeleglade for at kvinner tek ansvar i endå ein bransje, orkar å kaste seg over endelause setningspyramider, og vil skrive som Gud (eller Moses?). Som kvinner flest passar vi på at du får vite det du treng til rett tid, for me elskar å ha kontroll og oversikt. Så får heller gutta gå ut i krigen med slegge og solbriller og ”tell the people”! Eller?
Synsing og risiko
Kommunikasjon nr 4/09 har tema synsing, og vår PR-guru Hans Geelmuyden seier dei som har noko på hjarta er engasjerte og har kunnskap, og difor får merksemd i media. Han toppar ikkje uventa synselista, på 6.plass kjem ein einsam svale, Elisabeth Hartman. Av 26 talspersonar, definert som kjende kommunikatørar som har uttalt seg i media, er 8 kvinner.
Me vågar altså ikkje å ta risikoen det er å synse. Er me redde for å seie eller gjere feil? Ikkje manglar vi kunnskap eller engasjement, så kvifor vil ikkje fleire kvinner ha merksemd om den viktige jobben dei gjer?
Kvifor er det lettare for ei dame å halde innlegg for 300 menneske enn å kaste seg uti ein skikkeleg debatt i Dagsnytt 18? Eller hvie på seg dressjakka, på med brillene og etablere Guds språkbyrå? Kundane ville stått i kø jenter!


Analysen er riktig, men konklusjonen feil. Svaret er IKKE å gjøre som gutta. Problemet er at jenter alltid skal dilte etter. Se på idretter. Samtlige er funnet opp av menn. Etter flere tiår kommer jenter etter og forlanger samme lønn osv. Svaret er: finn opp din egen idrettsgren, og høst alle fordelene med å være først ute. Ikke etterap menn, da vil man alltid være på etterskudd.
SvarSlettJeg tror kvinner er redd for å ta seg betalt. Jeg tar et høyt honorar for foredrag, og en kvinne sa: "Er du ikke redd for å få rykte på deg for å være grådig?" Og jeg sa "Nei, det er jo bare fint, hvis folk skjønner at jeg er dyr" .Men mange kvinner er fortsatt redd for å ta seg skikkelig betalt. First House er for øvrig et eksempel på folk det var lett å le av i starten, fordi de hadde så INNMARI høy sigarføring. Men nå kan man bare si: "Hvem ler sist"? De gjør masse penger i First House! Og de som tar seg godt betalt i bransjen, kan dra de andre etter seg. PRIS ER VIKTIG! Hilsen Elin Ørjasæter,en ex-hodejeger, en bransje der prising følger nøyaktig de samme prinsippene som i pr-rådgivning.
SvarSlett