Sider

torsdag 28. april 2011

Bileter av eit landbruksoppgjer

På Dagsrevyen igår uttalte redaktør i Dine Penger at han gjerne skulle hatt meir "norsk Parma-skinke" i butikkane. Landbruket, og landbruksrelatert næring, er blitt avhengig av pengar frå det offentlege. Men mange av oss som driv med såkalla nisjeproduksjon, innan mat og/eller reiseliv, får ofte ikkje faste overføringar frå staten slik ein bonde med kvantumsproduksjon får. Det kan vere ei av årsakene til at mange som prøver seg med matspesialitetar eller opplevingar på bygdene gir opp etter nokre år, når prosjektpengane (truleg frå landbruksoppgjeret) er brukt opp.

Uansett subsidier, bileta nedanfor viser kva eg brukar kommunikasjonspengane eg tener gjennom vinteren til; For å kunne gi folk opplevingar tilbake. Og kanskje eingong i framtida tener me pengar på bær, gardsutsal, utleige og opplevingar, med eller utan subsider:

Alværn gard, Lavik i Sogn. Alle foto: Anne Margrete Alværn

I tida 25.juni til 21.august kan du handle bær, honning, krydder, grønsaker, geitekjøt osv. i vårt vesle gardsutsal, eller du kan leige rom i huset på garden. Viss eg jobbar endå hardare har eg råd til å få ferdig ei ny nettside for garden, uavhengig av kor mange milliardar bøndene får no i mai...

Oppdatering:
- Sterkt å kalle sak i Dagsrevyen for drittpakke, men forskar Ivar Gaasland, som var kjelde til saka er omtalt her
- Definisjonen av bønder må vere vid slik at me også får plass til Operabønder. Sjå og bli lykkeleg av det desse gutta har fått til, på landet. I 2009 blei dei nominerte i reiselivsklassen i tevlinga Skaperkraft:

2 kommentarer:

  1. Fine bilder, fint med mangfold selv om mange småskalaprodusenter sliter med å få hylleplass.

    SvarSlett
  2. Alle skal ikkje inn i hyllene. Ikkje all mat som skal seljast hos Rimi eller Rema. Men dei bør vere tilgjengeleg lokalt, i mykje større grad. Viss me klarar å skape ein eller to arbeidsplassar, og stelle kulturlandskapet, har i alle fall eg gjort jobben min.

    SvarSlett