Sider

fredag 18. mars 2011

Leirvik - ein kjedeleg plass?


Shetland eller Bergen next
Mange småkommunar i mitt heimfylket Sogn og Fjordane har arbeid å tilby, men manglar folk. Dei unge flyttar. Innvandrarar og leigearbeidarar frå m.a. Polen og Baltikum blir redninga. Slik er det for tettstaden Leirvik, i Hyllestad kommune, nesten ytterst i Sognefjorden. Shetland og Nordsjøen neste, eller Bergen. Det er dit mange av dei unge flyttar, for å få utdanning, jobb og familie. Idag har kommunen rundt 1500 innbyggarar, etter krigen var det 700 fleire.

Største arbeidsplass er skipsverftet Havyard Leirvik, der det i periodar kan vere opptil 500 arbeidarar, inkludert leigefolk. Verftet og kommunen vil at fleire skal bli buande i kommunen.

Gir faen i kva som skjer
Forfattar, politikar og historikar Finn B.Førsund er intervjua: "-Det er ein kjedeleg plass avogtil, men det er no heimplassen min" og "-eg likar ikkje assosiale menneske". Så spør han: "Er denne bygda inkluderande nok?" og påstår "bygda samla gir faen i kva som skjer". Sterke ord, men dei som kjenner Førsund veit at han står for det han seier.

Rå og fandenivoldsk
Innimellom intervju med polske innflyttarar, lokal artig kro-"vaktmeister" og butikkeigar, har filmskaparane funne ein anna sterk meiningsytrar i kommunen, forfattaren og originalen Norvald Tveit. Han bur åleine høgt oppi lia, og filosoferar over eit innhaldsrikt liv, og det mirakel at han kunne bli forfattar: "..her ville alle fryde seg viss det blei ein fiasko", så humrar han, vestlandsk-fandivoldsk.



Utradisjonelle og modige
Det er blitt laga nokre filmar for å rekruttere/få tilbake ungdom til kommunar i Sogn og Fjordane. Dei fleste filmane er ganske like filmane frå Nordland, Hedmark og andre som vil ha arbeidskraft tilbake. Hyllestad er utradisjonelle og modige. Dei vågar å "reklamere" med ein svart/kvitt foto-/filmdokumentar med røffe bileter og personar. Dette er ingen reklamefilm om det solfylte gode liv på landet, men skildring av livet slik det er i ein liten kommune. Litt humor, litt regn og kvardag, men også vilje og stoltheit. Er det nokon frå ei bygd i Norge som ikkje kjenner att? Og viss du slit med dialekta, filmen er teksta, på engelsk...


Dokumentaren er laga av Peter Førsund frå Leirvik, saman med Vegard Ekberg, og lagt ut på sidene til Hyllestad næringsråd http://www.hyllestad.org/

Anna informasjon om Leirvik og Hyllestad:
Havyard Leirvik:
- Om næringsliv i Vest/HAFS: http://bit.ly/fIy1j2

Fakta om Hyllestad: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Hyllestad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar