På Twitter såg eg idag ei melding om at ei ny forskrift frå Miljøverndepartementet ikkje omfattar eiketre med holer inni viss desse står i produktiv skog. Desse holene er viktige for sjeldne biller, sopp og andre nyttedyr skriv Samarbeidsrådet for biologisk mangfald (SAMBIMA).
Eg elskar eiketre! Både sjølve treet og material av eik er vakkert.
Berre ta ein tur innom det flotte Operabygget i Oslo og sjå.
I logoen til Alværn kommunikasjon står det eit eikeblad. Det er ikkje tilfeldig.
På garden i Sogn er det mange eiketre (sjå foto under), også hol-eiker. Dei skal eg passe endå betre på!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar