Sider

mandag 7. mars 2011

Å vere raus mot dei (damene) som vågar

Å gå sine egne veier, være unik er ofte merkevarebyggende i seg selv. Forutsetningen er at du er bevisst på hvilke verdier du representerer som ditt personlige varemerke (henta frå bloggen til Cecilie Staude).

Enten du driv eiga verksemd eller er god til å gå på ski forventar folk at du byr på deg sjølv. Med sosiale medier er det mogeleg for endå fleire å by på seg sjølv, men kvar går grensene? Bra blogginnlegg av BI-lektor Cecilie Staude.

Ei til som vågar er Elin Ørjasæter. Ho har skrive boka Det glade vanvidd. Ørjasæter byr som vanleg på seg sjølv, samstundes står ho for kunnskap og alvor, som ho seier i filmen om boka... på YouTube

Veit du om fleire modige, damer, du kan vere raus mot ? Det er jo snart kvinnedag. Del gjerne di liste i kommentarfeltet nedanfor.

Oppdatering 11.mars:
Omtale av Ørjasæters siste bok på Minervars nettsider (utdrag frå omtale):
Ørjasæter har beskrevet seg selv som en “kjeftesmelle som skyter fra hoften”, men det ligger noe langt dypere i hennes gjerning. Det tar for seg slitet vanlige mennesker har når det står overfor systemer som ikke ser dem.
Utdrag nr. to frå Minervas omtale gjeld mennene i hennar liv:
Og om sin mann, blant annet:

«Problemet ditt er at du ikke tåler å få en ripe i lakken,» sa min ektemann kjølig. «Kutt ut hysteriet. Alex fortsetter med fotball. Basta. Du tåler ikke å ikke fremstå som perfekt. Det er faktisk ditt problem. Ikke gjør det til Alex sitt.»

Det er kanskje noe umoderne, noe ufikst, for kvinner å beundre mennene i deres liv for å være stødige, uberørte av konvensjonene som på stereotypisk vis skaper slikt hysteri for koner, mødre, og døtre. Ørjasæters respekt for disse to mennene er likevel noe av det mest rørende i denne boken, for det er nettopp deres vilje til å være helt ukonvensjonelle som hun setter så høyt.

8 kommentarer:

  1. Synes Vampus, også kjent som Heidi Nordby Lunde, er ei modig dame som er seg veldig bevisst sitt personlige varemerke i nesten alt hun gjør. Cecilie Staude kunne også nevnes i en slik sammenheng, hvis vi tenker på å bruke sosiale medier til å forlenge sin egen merkevare. Og Bente Kalsnes i Origo i sitt arbeid for å fremme Girl Geek Dinners kommer jeg heller ikke utenom.

    SvarSlett
  2. Eg tykkjer journalist Anne Viken er ganske modig. Eg er ofte usamd i det ho skriv, men mot har dama i alle fall - til å setje saker og ting på dagsorden!
    Så tykkjer eg faktisk at kommunalminister og SP-leiar Liv Signe Navarsete har stått rimeleg oppreist dei siste månadane trass i alle forsøk på å rokke ved hennar makt. Det krevst ein stor porsjon mot til å ri av slike stormar på toppane.

    SvarSlett
  3. I Sogn og Fjordane er styreleiar Clara Øberg i Helse Førde heilt klart ei dame som vågar. Kva ein meiner om sjukehussaka har ikkje noko med kvifor eg meiner dette, men hennar korrekte og ryddige utøving av funksjonen som styreleiar som imponerer. Ho gjer jobben som styreleiar heilt korrekt og er stødig som fjell, eg beundrar den dama og har sagt det til ho og.

    SvarSlett
  4. Jeg synes Shazia Sarwar er modig, som har kastet seg ut i å lage magasinet Blendmag.no og som stadig skriver om integrering og om å være norskpakistaner. Her er lenken til bladet: http://www.blendmag.no Hilsen Elin Ørjasæter (og takk for hyggelige ord i blogposten din Anne-Margrete!

    SvarSlett
  5. Frå bygde-provokatøren Viken til helse-styreleiar Øberg, frå norskpakistanar til SP-dronning. Jippi! Så sant, me treng ikkje vere einige i det dei seier eller skriv, men rose jenter som vågar. Mona Grut overraska meg i portrett Magasinet/Dagbl. Ho har jobba hardt!

    SvarSlett
  6. Fall for freistinga til å bli første mann innpå her med skryt til damene. Burde vel kanskje ha venta til i morgon..:)
    Eg vel å ha eit lokalt perspektiv.
    I eit elles mannsdominert næringsliv har vi kvinnelege leiarar på to av dei største bedriftene her i regionen vår.
    Både Bente Nesse på Havyard Leirvik og Inger Johanne Osland på Haugland Rehabiliteringssenter er klare og tydelege leiarar, og fortener stor ros for jobben dei gjer.
    Havyard og Haugland er bedrifter i heilt ulike bransjar, men har likevel noko til felles: Begge bedriftene framstår i dag som meir solide enn nokon gong, og har vist stor evne til nyskaping og tilpassing til den marknaden dei konkurrerer i.
    Difor går mi stemme til Bente og Inger Johanne!

    SvarSlett
  7. Eg hadde laga eit laangt innlegg, som forsvann då eg skulle publisere. No mista eg heilt motet og prøver igjen i morgon. Bra initiativ forresten.

    SvarSlett
  8. Tøff og passe provoserande dame som ikkje gir opp; Randi Førsund, som no ser ut til å ha fått eit viktig gjennombrot i kampen for å realisere vikingfilmen ho har tenkt på i maaange år.
    Elles skal eg gjere noko så ukvinneleg som å skryte over min eigen innsats for ei anna kvinne på denne tida i fjor; historie som fekk happy ending. Les www.oddrunmidtbo.wordpress.com - og bli inspirert til å gjere noko liknande. Ha ein flott kvinnedag!

    SvarSlett