![]() |
Giske blir orientert om industriområdet Lutelandet, langt vest i havet, i Fjaler. Foto: NHD/på Flickr |
![]() |
Næringsminister Trond Giske opna 2.mars konferanse i Førde. Foto: NHD/Flickr |
På Operagarden i Bygstad står det eit flygel i løa. Brukt då operadiva Kiri Te Kanawa var der, og då sopranane i trioen Divine frå Sverige i august kom frå svensk kongeleg bryllaup til Åmot gard. |
Så langt eg kunne høyre i Oslo (via video-overføring) var festivaldirektør Hilde Bjørkum den einaste som la vekt på at kultur skapar sterke opplevingar, sterke og unike historier, som må brukast i marknadsføringa av fylket, i tillegg til dei andre store suksessbedriftene. Det er slike historier som gjer at du legg merke til og hugsar Framtidsfylket, og det byggjer stoltheit både internt og eksternt.
På same måte har Operagarden i Bygstad har fått mykje positiv mediemerksemd og henta mange besøkande til deira kulturscene på eit gardsbruk.
Giske viste ved handling at han meiner kulturbasert næring er viktig ved å invitere med overnattingsstaden Bestebakken i Luster, Ciderhuset i Balestrand og Operagarden då han samla næringslivet til samråd etter konferansen.
"Alle" i Sogn og Fjordane jobbar no med omdøme. Eg har helde fleire omdømeforedrag i fylket og vore med på å sette igang, eller bremse, meir enn eitt omdømeprosjekt. Framleis er det mange som famlar og helst startar med eit godt slagord - som omtalt i lokalavisa Firda og kommentert av Distrikssenteret: - Det ikkje er slagordet det kjem an på.
Innovasjon Norge (IN) vil at bedrifter og lokalsamfunn skal lære av dei som lukkast, og seier at omdømearbeid betyr at du må våge å utmerke deg. Førdefestivalens direktør, Hilde Bjørkum framheva kunnskap, mot og vilje som viktige suksessfaktorar. På ei nettside om omdømebygging framhevar IN tre bedrifter: Ekornes, Rolls Royce Marine og Solstrand Hotell og Bad. Er det tilfeldig at to av dei er på Sunnmøre og den andre i nabofylket vårt, Hordaland?
Filmen om omdømebygging tek 1min og 52 sekund og handlar om Hvorfor kjøper vi vann til 40 kr literen, når det er gratis i springen?
Kva er kulturbasert næring?
- Konferanse Eid kommune/SFj. om kultur og stadutvikling
Omtale av konferansen:
- Firda



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar