Sider

torsdag 10. februar 2011

På tide å opne 2011...

2011 starta med ein lengje planlagt runde med flytting av nettside og e-post til ny leverandør. Det kostar både tid og pengar. I tillegg har eg hatt eit par rundar på om eg skulle ha blogg eller ikkje... Det tek tid å blogge. Konklusjonen er at skrivekløa er der, det er morro å lære meir om verktyet som stadig utviklar seg. Men eg lurer på om nettsida og bloggen har smelta saman i 2012... Byrjar å bli mykje å oppdatere.

No har eg lært å leggje til faner (veldig lett), og har laga ein relativt fyldig og meir personleg presentasjon av meg og mi verksemd. Blir straks meir lettlest når eg legg inn bileter. Ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar