Sider

torsdag 4. november 2010

Ekte varer: Bakaren

Gåsehud-gründerar
I reiselivet snakkar ein om opplevingar som gir gåsehud: Rafting i Sjoa, tur med hundeslede ei vinternatt i Finnmark, sjå sola gå ned i havet... Men du kan også få gåsehud av å møte folk som har elden i seg. Som lagar opplevingar og produkt du aldri gløymer. Som brenn for noko. Ein del av dei er gründerar. På konferansen Mat og Reiseliv på Voss var det både ferske og gamle servitørar av gåsehud-produkt. Bakaren frå Lom, Morten Schakenda, er ein av desse.

Når brød blir kunst
Han var lei av å vere superkokk, ville noko meir, men visste ikkje kva. Via eit par år hos Åpent Bakeri i Oslo, blei det etablert eit bakeri på sommar-turiststaden Lom. Du forstår raskt at Schakenda er meir enn ein vanleg bakar som etablerer ei suksessrik bedrift i ei bygd. I forordet til boka "Om boller, brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom" takkar Leif Ove Andsnes for hans store hjarta og skriv: "Hvordan får han det til? Hvordan er et stykke brød blitt til kunst?!"

Både i foredraget og i boka viser Schakenda gjennom sitt personlege engasjement at han er oppteken av å tilføre samfunnet rundt og andre ein verdi. Venner og sambygdingar deltek i dugnad for at bakeriet skal klare seg, og bakaren vil gi tilbake: "Det er viktig at det engasjementet ikke blir utslitt, men at du føler du er en del av noe, og at ditt bidrag er viktig. Slik prøver bakeriet også å være en del av bygda, gi noe tilbake, være åpne og by på noe."  (henta frå nemde bok).

Gründerar og økonomi
Bakaren i Lom har eit anna sympatisk trekk, han pyntar ikkje på historia. Då dei starta var dei teknisk konkurs. Redninga var ein klok lokal bank, ein nøktern næringssjef, og ikkje minst flink rekneskapsførar - som han lytta til: Den kanskje aller viktigste faktoren, ved siden av gode brød, er økonomien. (...) Den tryggheten det gir at alt som har med økonomi er under kontroll, har gjort at jeg har hatt fullt fokus på utviklingen av bakeriet.

Oppskrifta fungerer; På nokre sommarmånader har dei 30 i arbeid, 12 på heilårsbasis. For heile 2010 omset dei minst for 11 millionar kroner.

Marknadsføring
I tillegg til å utøve eit handverk er bakaren også flink til å drive marknadsføring: Boka hans har solgt i snart 22.000 eksemplar sa Schakenda, og det gir mykje god PR. Sjå berre den korte filmen på YouTube Om boller, brød og tilfeldigheter.

Marginane er små for dei som brenn for ekte varer. Då er det bra at fødestova for günderar og eldsjeler, Innovasjon Norge, verdset ekte varer; Schakenda vann nyleg Oppland fylkes BU-pris, og er kandidat til konkurransen årets Nyskapar. Lykke til!

(Skaperkraft i Oslo 24.november. Ekte varer også servert på reiselivskonferanse i Florø 2.-3.februar; Jorunn Torsheim, Torkjell Berulfsen og Bakaren frå Lom...-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar