Sider

torsdag 21. oktober 2010

NRK - kjøpt og betalt av kraftpengar?

NRK gir råd om korleis verksemder skal handtere kritiske journalistar gjennom sine mediekurs. Dette har dei gjort i fleire år via Nynorsk Mediesenter (NM) i Førde. Mediesenter skulle primært lære opp unge journalistar, men sper på inntektene ved å drive kurs. Senteret er samlokalisert med NRKs distriktskontor i Førde, og som dei reklamerer med har dei tilgang til profesjonelt utstyrt og studio.

Media, PR-bransjen og politikarar er forundra over vurderinga til NRK i denne saka. For skal kraftselskap og andre tunge aktørar i norsk samfunnsliv ha NRK på lønningslista (eller honorarlista)? Dette er eit problem for mediesenteret, men ikkje minst for omdømet til NRK.

NRK-avdelinga skulle styrke nynorsken sin posisjon i NRK skreiv Journalisten då NM blei oppretta i 2004, og siste åra har dei lært opp mange unge flinke journalist-talent.

Sak for Stortinget?

I Dagens Næringsliv (DN) 18.oktober meiner Lars Erik Grønntun i PR-byrået Gambit Hill & Knowlton at dette er oppsiktsvekkande. Per Edgard Kokkvold i Norsk Presseforbund seier at NRK ikkje skal drive verksemd på linje med PR-byrå. Rune Inderøy i konkurrenten TV2 seier til DN at det er oppsiktsvekkande at ein statskringkastar som er lisensfinansiert driv medietrening. Frp vil ta dette opp i Stortinget. Torsdag melde DN at Frp vil be kulturministeren stogge medietreninga.

Det mest populære NRK-kontoret
Omdømet til NRK er sterkt. På Synovates siste omdømemåling kom dei på 5.plass. Posisjonen til, og respekten for, NRK i Sogn og Fjordane spesielt stor. På NRKs nettsider les me at dei er det mest populære distriktskontoret i landet og har den høgste oppslutnaden av lokalradioane. Det er imponerande!

Stolt og uredd
Den som har kjempa mest for at det vesle lokalkontoret ikkje skulle forsvinne og bli slukt av storebror i Bergen, er nettopp noverande leiar for mediesenteret, Magni Øvrebotten. Mine første år som ung og uerfaren journalist hadde eg under myndig leiing av m.a. Magni Øvrebotten.

Ho var, og er, ei tydeleg og prinsippfast dame, som framleis ikkje nøler med å seie ifrå - og ho bryr seg ikkje om kva maktposisjon du har. Slik sett har ho vore eit førebilete for meg og mange andre jenter.

Difor forundrar det meg at ho ikkje ser at det kan oppfattast som rolleblanding og uheldig at NRK lærer bort korleis ein skal handere journalistar. Kva gjer dette med omdømet til den institusjonen ho har kjempa slik for?

Ein brysam konkurrent?
I 1997 gjekk eg rett frå jobb i NRK Dagsnytt til å bli medierådgjevar i Statens forureiningstilsyn, midt i verste kampen om Romeriksporten (for dei som hugsar). Same dag leverte eg (med sorg) inn Pressekortet og melde meg ut av Journalistlaget - slik kravet til NJ er. Eg var ikkje lengre fri og uavhengig, men stod på lojalitets- og lønningslista til Staten.

Siste 5 åra har eg tilbydd mediekurs i m.a. Sogn og Fjordane og har knapt merka konkurransen frå NRK. Ei av årsakene er at kundar nettopp stussar på at NRK driv medietreningskurs i same lokaler og med same radiorøyster som folk i fylket kjenner godt.
 
Mediesenteret sitt forsvar for kvifor det er viktig å kurse folk, kunne både eg og mine kollegaer ha skrive. Det er viktig for demokratiet at flest mogeleg både vågar, og øver, på å bli gode til å delta i samfunnsdebatten.

Problematiske gåver
Kva som blir oppfatta som etisk rett er viktig for omdømet og truveret. Det har to regjeringsparti fått merke etter at dei fekk nokre gåver. Senterpartiet har i tillegg fått pengar frå kraftselskapa Eidsiva Energi og Troms Kraft. Kan vi stole på dei, spør journalistane.

skrytelista til NRKs mediesenter står m.a. kraftselskapa Tussa, BKK og Sogn og Fjordane Energi. Kva viss Eidsiva stod på lista? Ville det vore uproblematisk for journalistane i NRK at kraftselskap og maktpersonar ein dag går inn NRK-døra for å trene på kritiske spørsmål, og neste gong går inn den same døra for å bli grilla - i eit studio som dei kjenner frå før?

Ikkje sak for lokalmedia?
Det er ikkje med lett hjarta eg kritiserer min gamle arbeidsplass og min gamle sjef. Det gjer vondt å lese i aviser, og ikkje minst høyre kommentarane både frå journalistar og informasjonsfolk, kva dei meiner om saka. Og eg er ikkje i tvil, dette skadar omdømet til NRK Sogn og Fjordane. Og med kontor i Akersgata i Oslo er det tydlegvis lettare å ha distanse til saka, for i lokalmedia i Sogn og Fjordane er saka knapt omtalt. Men den blir ikkje borte av den grunn.

Oppdatering 28.10; Årsmøtet til NRKs Journalistlag har vedtatt at NRK ikkje skal drive medietrening.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar