Sider

mandag 15. februar 2010

Måndagsliv i det offentlege rom

Det er to måtar å angripe måndagar på; Strategi 1. Berre irritere seg over alt og alle og ”snakke” høgt om det, på sms eller blogg, eller gjere som eg ber andre om – strategi 2, sjå det positive i kvardagen og smile!

Irriterande morgonfriske Twittrarar
På Twitter skriv Elin Ørjasæter at ho gledar seg til måndag fordi det er Politisk kvarter på P2. Stormberg-Olsen har før 7 kvitra om interessante saker, både om samfunnsliv og sosiale media. Passe politisk korrekt, og ikkje klamt privat.

Hurra for skulen!
Bil i byen er pyton og unødvendig. Difor bur eg så sentralt at det tek 2 minutt å ta t-bana til tannlegen. På t-bana må eg smile; På stasjonen ser eg mange jenter med sjal som har med ulike typar akebrett og ski. Ein skuleklasse skal tydlegvis ha ski- og akedag. Dei ser forventningsfulle ut.

Nyleg såg eg to bussar bli fylt opp av skulebarn med gule vestar. Dei skal ha skikurs etter skuletid, i regi av skulen. Arrangøren stiller med ski, sko og buss. Ikkje alle i Norge er fødde med ski på beina. Og skulane tek konsekvensane av det. Det bøter også på dårleg samvet for foreldre som ikkje får til lange skiturar kvar helg. Og ingenting er som å få trøtte og våte ungar heim etter skileik. Hurra for skulen og kommunen! Alle får bli med.

Det hender eg går gjennom ein skulegard for å sjå kva ungane eigentleg held på med. Og dei gjer det same som me gjorde på skulen; Kastar snøball, grin, spring, ramlar og er raude i kjakane. Hurra for lærarane som passar på! Eg står og ser på dei, og smiler.

Grenser for privatprat?
Det hender eg jobbar i ”åpent kontorlandskap”, på ein-eller-anna kaffebar fri for høg musikk og stressa folk. På nokre kaffebarar er det ein stilleteiande regel om å halde kjeft. På denne kaffebaren er det to flotte babymødre. Den eine snakkar, heile tida. Om knipemusklar, trening, kor høgt, breitt og langt dei gjekk på ski i helga, heile familien på fem. Om mannen (ho nemner han med namn) og naboane (tenk om eg kjende dei...). Ho snakkar høgt. Venninna slepp ikkje til. Eg kjenner sterk trong for ironi. Sarkasme.

Prisen den flinke mor betaler er at ei gretten kjerring (eg) skriv om henne i den offentlege dagboka. I Dagbladet åtvarar ein blogg-mødre mot å leggje ut bileter av ungane, foto av snørr- og tårebabyar. Er det kult for barna å finne att desse bileta nokre år seinare? Me er i tiåret då (nesten) alle blir kommentatorar i det offentlege rom, på kaffebar eller blogg, og fortel om kor flinke (eller dårlege) mødre me er, og kor politisk korrekte me var i helga. Kva med gutta? Kva og kor fortel dei om det dei gjorde i helga?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar