I 2008 høyrde eg Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) halde innlegg om kor dumt det ville vere å legge ut all mogeleg informasjon om seg sjølv på nettet. Hmm tenkte eg, Facebook er ikkje aktuelt nei! Og eg skal passe på alt tenåringane i familien skriv på nett. Året etter var eg på Fjesbok, så Twitter. Og ungane er aktive på dei fleste sosiale medium. Og i 2010 vart eg og ein god kollega samde om at det var på tide å få ein blogg. Så taletrengde er me. Eller?
Sosiale media
For det første: I det daglege jobbar eg som kommunikasjonsrådgjevar. I 2010 er det nesten umogeleg for vår profesjon ikkje å vere på sosiale medier som Facebook eller Twitter. Kvar veke får me i firmaet Mediekameratane spørsmål om å å halde kurs eller foredrag om sosiale medier; Korleis komme igang? Kva reglar bør me ha for dei tilsette? Då kan du ikkje stå der utan å vite kva du snakkar om.
For det andre: Eg har fått kontakt med kjende eg ikkje har snakke med på 20 år, tidlegare naboar som har flytta langt, studievenner frå Volda og Sogndal, og eg veit faktiske meir om dei i heimbygda mi no enn då eg budde der. Ein fin måte å halde seg oppdatert på. Og ikkje minst; Du blir hekta! Det er morro!
Skrivereglar?
Som NSM sa, og som alle foreldre seier til ungane, ikkje utlever personleg informasjon. Ting du ikkje ville skulle stått på trykk i avisa. Men når ein skriv bloggar kan det vere vanskeleg, for mange av tankane og meiningane som blir danna er ut frå personlege erfaringar.
Men ein avtale har eg gjort med tenåringane, ikkje prøv å kopier Knausgård, mamma... Ok. Og kjære venninner, eg skal ikkje referere siste telefonsamtaler, men vere flink til å anonymisere. Likevel, alle forfattarar får inspirasjon frå eige liv. Er det ikkje slik?
* Treng du råd om skriving på nett? Sjekk www.mediekameratane.no
* Kor går grensa for kva du kan skrive? Les kommentar frå Elin Ørjasæter
* "Sosiale media, tidstyv eller verdiskaper", BIs Årskonferanse 26.januar 2010, overført på YouTube.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar