Sider

søndag 13. juni 2010

Venner - i gode og onde dager

Petter Stordalen og den nyaste Fru Stordalen har invitert 237 gjester til fest. Me har få skikkelege kjendisar i Norge, så bryllaupet blir dekka av TV2-nyheitene, VG og Dagbladet, diskutert i NRK Ukeslutt og i eit utal bloggar. I Ukeslutt diskuterte Eli Hagen, Ingeborg Sørensen og PR-rådgjevar Elisabeth Hartmann om giftarmålet fortener så mykje merksemd i media. Og har herr og fru Stordalen verkeleg 237 venner? Bob Geldof? Jo Nesbø? Musikk- og idrettskjendisar? Ingen konglege, men nesten?

Kven inviterer statsministeren?
Debatten var endå sterkare då Mille-Marie og Stein-Erik Hagen gifta seg i 2004, for der var Kjell-Magne Bondevik, ikkje som statsminister, men venn. Kor gode venner er dei, eigentleg, spør me? For kven kan du invitere til eit bryllaup? Og kva er ein god venn?

Bryllaup for fred
For å ta bryllaup først; I teorien gjer du det ein gong i livet, og du feriar ved å invitere familie, venner, naboar og andre kjende. Historisk er slike ritual brukt til relasjonsbygging og styrke samhald mellom land (jfr. dei konglege), lokalsamfunn og slekter.

For å feire at ein blir familie er det i mange kulturar vanleg å invitere heile landbyen med på festen, 3 dagar til ende. Slik var det også på bygda, der eg vaks opp. Bryllaupet blei brukt for å styrke forholdet til naboar og slekt. Idag heiter det nettverk og forretningsvenner. Men dagens bryllaupsgjester utgjer eit nettverk som er lausare - og svakare - enn det var på bygdene før, og endå svakare enn eit slektskap eller eit vennskap.

Kven tek oppvasken?
Både Stordalen og mange som har opplevd både sitt første og andre bryllaup, har ganske sikkert ei sterk oppfatning av kven som er venner, i gode og onde dagar. Det er dei som er igjen når festen er over, og som hjelper til med å rydde. Som kjem for å hjelpe til med oppvasken.

Mange av gjestene i Stordalens og Hagens brullaup blir ofte omtalte i ei rosa avis som er brutal når festen er over, Dagens Næringsliv (DN). Kor morro er det når det står på førstesida at alle pengane er vekk og at du kanskje er ein skurk? At Økokrim granskar deg, og forretningsvennene dine?

Og kven er Brynhildsens venner?
For å ta siste utgåva av Dagens Næringsliv, lørdag 12.juni s.125 - Etterbørs: Pr-rådgjevar Rune Brynhildsen blei i 2007 dømd for å ha gitt innsideinformasjon om tre børsnoterte selskap han var rådgjevar for. Han slepp meir soning skriv DN lørdag. Eg har høyrt Brynhildsen på konferanse fortelje at han vurderte ta livet sitt medan saka pågjekk. Lagdommarane skriv at personfokuset har råka han og familien hardt. M.a. tålte ikkje ekteskapet det. Lurer på kor mange Brynhildsen ville invitert til sitt andre bryllaup?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar