Sider

onsdag 5. oktober 2011

Gulosten Nesbø

”Noen forhold varer livet ut” påstår Norvegia i TV-reklamen http://www.youtube.com/watch?v=vvDOTlCOZ58 den milde osten følgjer deg gjennom ulike fasar i livet, og gjer tilværet lettare for ein ungdomsskulelærar eller tenåringspappa.

Mitt, og etterkvart familien sitt forhold til Jo Nesbø og påfunna hans, held på å bli eit livslangt gulost-forhold. Det innsåg eg nyleg under ein 50 mil lang biltur.


Rett gulostmann
Så langt har forholdet vart i rundt 20år. Først var det ”ut-å-finne-kjærast”-fasen. Då var bandet Di Derre med vokalist Nesbø fin bakgrunnstøy i ei sorglaus studietid og som allsong med venniner; Kva song kunne passe betre enn ”Jenter” når du innsåg at du enno ikkje hadde møtt den rette mannen å gumle gulost ilag med?

Husmorporno
I den etablerte svett-gulost-fasen av livet blei Harry Hole, den sexy og mystiske politi¬mannen med eit snev av Morgan Kane over seg, eit akseptert alternativ til Margit Sandemoes husmorporno. Ho stod for det ”uskuldige” dagdraumeriet til generasjonen før meg.

I reisebaggasjen før feriane var det gjerne ei ny Harry Hole-bok. Roa kunne seinke seg. Ungane i bassenget, mor under parasollen med ei ny krimbok, lett humrande over understatements og ironi i bøkene, avogtil litt raud i kjakane med lengt i augo, men grøssande over dei innfløkte drapsmetodane som dukka opp. Du blir litt bekymra over korleis ein får ideen til, og sjekkar fakta til, slike grufulle drap.


Passar-ikkje-for-barn
Deretter var det eigne barn som sneik seg til å lese dei utslitne bøkene (ei bok blir i vår familie lest av alle tantene, storebror, pappa osv.). Litt irritert oppdaga eg at gulost-Nesbø ikkje fungerte heilt som han skulle; Frå bassengkanten kom det stadig: ”-Mamma, kva betyr intellektuell, og kva meiner han med ...” spør ein altfor leseglad 11åring. Scener frå eit voksenliv eg meiner ho er for ung til å få innsyn i. Det var nesten ei lette då Nesbø lova å ta livet av Hole.




Med doktor på tur
Sjølv om Hole dør i siste bok (trur me i alle fall), har det kome ein ny endå betre Nesbø-ost på marknaden; Sommaren var slutt, ungar og koffertar klar for 50 mil, 8 timar på kjend kjedeleg veg, med ei ny lydbok, sjølvsagt. Inni bokhandelen plukka dei ut Doktor Proktor, av Jo Nesbø. Eg blei litt irritert; det fekk vere måte på kor mykje me skulle støtte den mannen!

Men Harry Potter, Heksene og alle andre glitrande bøker av Roald Dahl - lest av Kjersti Holmen (viktig), Rampete Robin, ulike radioteater – ja alle dei andre bøkene i hyllene hadde me høyrt før. 500 kilometer med ordleikar? Nei. Ny gulost freista meir. Eit trygt alternativ.



Kongen og Petter
Bøkene har, som også historiene om Harry Hole, fleire lag. Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje handlar om ein invasjon, Kongen, Dyr du skulle ønske ikke fantes, feigingar, kjærleik og vennskap og nokre få kloke heltar som redda Fædreland og Konge. I republikken Sør-Trøndelag bur Petter, ein slitsam kar i grøn treningsdress med kulemage (!), som heile tida skal konkurrere og spele poker. Betre parodi av Petter finn du ikkje.


Invadert av Nesbø!
Etter eit par mil langs Sognefjorden sler eg lett resignert fast at me er invadert av Nesbø; Di Derres blomstrande The-Best-of CD ligg i hanskerommet, prompe-lydboka med doktoren i CD-spelaren, Gjenferd i sekken, Nesbø i prateprogram på TV og brett-ut-gut i aviser. Nesbø overalt! Var det ein del av ein sjuk plan om å invadere oss, slik han beskriv i siste boka med Doktor Proktor? Og entusiasmen hos neste generasjon er alt sikra.

Dei neste 20
Eg prøver å sjå for meg dei komande 20 åra med fantasi-gulost-mannen (og hans barn): Året er 2031, og eg sit på ”Kompetansesenteret for alle som har levd ei stund” (altså gamleheimen), og me blir lokka til eit show der Nesbø skal lese høgt frå Doktor-Proktor-er-blitt-voksen og klimpre på gitaren. Dei mest surrete i Det Store Kollektivet trur det er ein skikkeleg doktor som kjem.

Vigdis, DDE og Jens
Foto: Erik Burås, Studio B13
Som ei litt penare utgåve av Ole Paus, kjem han smilande inn, litt kraftigare enn nyleg avdøde Mick Jagger. Sjølvsagt blir det allsang til mimresongen Jenter (som stadig oftar blir sunge i gravferder), og vakre Vigdis (ein lett senil x- forfattar) prøver å ta ein Rumba med kjekke-sjekke-Jens.


Forrige veke var det eit anna band på D* frå 1990-talet som var her, DDE. Rai-rai-rai kunne alle synge med på, og Vigdis fekk til slutt danse tett med vokalist Bjarne, som framstod som ei fyldigare utgåve av Tom Jones (alternativt Gislefoss).

Ragde-Nesbø-skandalen
Du skulle tru at den eingong relativt velståande Nesbø ikkje trong underhalde lett surrete kompetente rike gamlingar, men det var før han blei lokka av ein viss Petter inn i endelause pokerturneringar; Nesbø likte jo å konkurrere. Så var det den skandalen med han og Anne B. Ragde...

Mild ost - tøff kvardag
Hm, nei. Det var kanskje å gå litt langt, hehe. Trur dei barnebøkene har påvirka fantasien litt mykje. Skal eit forhold vare livet ut kan ikkje den andre parten, det stabile haldepunktet - i dette tilfellet osten (eller boka) - bli for lik den tøffe kvardagen. Då orkar me ikkje å ta han med til Syden eller på biltur.

Tilbake i bilen, 2011:
Sandvika er passert, lydboka ferdig og jentene i baksetet har avtalt kino. Gjett kva dei skal sjå...

*90-tals band på D:
Dance with a stranger
DDE
De Lillos
Di Derre
DumDum boys

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar